Årsrapport 2014

Rapportfrist 28.februar 

Her er ei oppskrift på korleis du rapporterer:

Aller først må du logge deg inn på Hypersys: https://uks.hypersys.no/login/

Du finn også link til innlogging øverst til venstre og nederst til høgre på www.sang.no

Etter innlogging klikkar du på lagsnamnet i menyen til venstre.

  1. Sjekk at styret i laget er oppdatert, med den leiinga som var i laget 31.12.2014.  Dersom du treng å oppdatere styret: bruk kopier-linken på 1. linja i oversikta over kven som er registrert som sitjande styre. Det er også rettleiing her:

http://www.sang.no/index.php?option=com_content&view=article&id=83&Itemid=367

NB: Det er i styreoppdateringa det ofte går gale. Følgjer du rettleiinga går det fint. (Dei som har laga systemet har ordna det slik at det skal vere vanskeleg å ”kuppe” eit lag.)  Har du blitt kasta ut, send oss ein e-post, eller ta ein telefon: 37271817.

  1. Sjekk så medlemslista. Alle styremedlemmer i sitjande styre skal stå på medlemslista. Viss dei ikkje har betalt kontingent, må du opprette ein gratiskontingent (kr 0) og registrere styremedlemmene med den.  Styremedlemmer er medlemmer i kraft av sitt verv.  Du finn rettleiing om registrering av medlemmer her: http://www.sang.no/index.php?option=com_content&view=article&id=83&Itemid=367
  1. Sjekk at alle som har betalt kontingent til koret i 2014 står på medlemslista for 2014. Alle som har betalt, og som ikkje skriftleg har meldt seg ut av Ung kirkesang, eller som har avlide i løpet av 2014, skal registrerast som betalande medlemmer.  (Ung kirkesang har mest aldri skriftlege utmeldingar og heldigvis skjeldan dødsfall i medlemsmassen.)
  1. Finn fram rekneskap for 2014, (kontoutskrift for 2014, for eksempel, for dei som har enkel økonomi), ha ei fil (pdf, jpg. excel, word eller liknande) klar på din maskin. Rekneskapen skal lastast opp.  Og det skal berre vere rekneskap for laget.  (I år kjem vi til å sjekke at det er brukt minst like mykje midlar, som det er utbetalt i frifondstøtte.  Er det brukt mindre midlar enn frifondstøtta, så skal det overskytande betalst tilbake.) (I 2015 vil laget ikkje få frifondstøtte dersom, laget fekk frifond i 2014 og det ikkje er levert rekneskap for 2014).
  1. Så opnar du årsrapportskjemaet, og går gjennom dei fire stega. Når du kjem til steg 5 (signeringssida) sjekkar du at alt er grønt (bortsett frå signatur, som ikkje blir grøn, før du har klikka på signeringsknappen)  viss det står ikkje ok med raud skrift, så må du fikse det som manglar.
  1. Signering: Er du registrert som Leiar i sitjande styre, og verifisert med brevkode (nivå 6), så kan du signere på årsrapporten åleine. Er du registrert med anna verv enn leiar, kan du signere saman med ein annan styremedlem. Viss to styremedlemmer signerer saman må begge vere verifisert med minst sms-kode (nivå 3). Treng du verifisering eller oppgradering til nivå 6? Send ein e-post, og vi ordnar. Viss du er leiar, men verifisert på nivå 3, kan du signere og sidan oppgradere signaturen med brevkode. (Vi får ikkje godkjent rapporten din før leiar har nivå 6-verifisering, eller kontrasignatur frå ein annan styremedlem).

Treng du hjelp undervegs, eller blir du ståande fast, så ring til oss. Vi hjelper deg meir enn gjerne.  Vi kan registrere styremedlemmer for deg, oppdatere medlemslista for deg viss du sender oss ei medlemsliste (helst i excel, csv-format, eller liknande). I det store og heile, kan vi hjelpe deg med alt, bortsett frå å signere.

Måndag til fredag når du oss i sekretariatet mellom 09.00 og 15.00 på 37271817.

Generalsekretæren kan ringjast til når som helst mellom kl 08.00 og kl 22.30, alle dagar. (Det er svært få som ringer utanfor arbeidstid, men for nokre er det da slike oppgåver kan løysast, og er du ein av dei, ringer du 98088768 og får hjelp viss teknologien virkar og generalen er på post.)

Om TONO-rapportering:  I årsrapporten ber vi om eit tal for offentlege konsertar koret er arrangør for.  Dette talet treng vi når vi innimellom reforhandlar avtalen med Tono.  Men laget må sjølv rapportere repertoaret direkte til Tono.

Rapporter innan 1. februar!

Du kan lese tonoavtalen på denne sida:http://www.sang.no/index.php?option=com_content&view=article&id=64&Itemid=348

Ditt ansvar er at alle offentlege framføringar av musikk vert rapportert til Tono.  Ung kirkesang betaler avgifta for alle offentlege konsertar laget er arrangør for, og departementet betaler for alle gudstenester, musikkandaktar m.v.  Du finn meir på www.tono.no

Rapporteringsskjema finn du her:http://www.tono.no/kunder/ovrig-musikkbruk/

Lurer du på noko om Tono og rettar, så er du ikkje åleine, og har sannsynlegvis brote lova. Vil du vere lovlydig og sørge for at vederlag for musikken laget ditt brukar blir betalt til opphavsmenn og rettighetshaverar, så skal du sende inn oversikt over framført repertoar på all framføring laget ditt gjer ”utanfor det private rom”. (Øving er det private rom). Om laget ditt berre deltar i gudstenestleg samanhang, så skal det rapporterast, alt av musikk som blir brukt i gudstenesta, både det som blir sunge og spela. 

Til slutt: Lukke til med rapporteringa!

Det viktigaste er at du får drive med song og musikk saman med medlemmene dine, men desse rapportane er smørninga som gjer at maskineriet går rundt med litt midlar til arbeidet ditt, og det vi driv med i Ung kirkesang.

Mvh Nils Hidle

Ung kirkesang

Ung kirkesang er ein organisasjon av, for og med korsongarar i barne- og ungdomskor knytt til menigheter i heile landet, frå Lista og Lindesnes i sør til Kirkenes i nord. Ung kirkesang har ca. 8000 betalende medlemmer i 330 kor over heile landet.

Ressurser

No tweets found.

Kontakt oss

  • Ung kirkesang
    Konsul Wilds vei 1
    4621 Kristiansand
  • Kontonummer: 3202.20.28080
  • Tlf: 37 27 18 17

Kopirett © 2013 Ung Kirkesang | Utvikling og hosting Infonett Røros AS