Ung kirkesang 2015-17

 

På bildet frå venstre: Landsstyremedlemmer etter valet 19. april 2015: Anders Hagen Jarmund, Birgit Salomonsen Øygard, Øyvind Mikalsen, Elisabeth Spydevold, Rolf Akselsen Lie, Madeléne Leidland og Ole Aleksander Østhassel.

Landsmøtet i Ung kirkesang har valt Ole Aleksander Østhassel til leiar, etter at Johanne Bjørhaug sa frå seg attval.  Johanne har vore leiar i 4 år og landsstyremedlem i til saman 8 år, og er nå valt inn i valnemnda.  

Ole Aleksander Østhassel har vore med i det sentrale arebidet i Ung kirkesang sidan han var sivialarbeidar i sekretariatet i 2005/2006.  Han har vore landsstyremedlem i perioden 2013-2015. Ole har mastergrad i teologi frå MF (2013) og arbeidde i 2014 som diakon (vikar) i Flekkefjord. Han er nå tilsett som trusopplæringsmedarbeidar i Oslo. Han er korsongar i Uranienborg Vokalensemble.

Madeléne Leidland er attvalt av det nyvalte landsstyret som nestleiar, og Øyvind Mikalsen som Au medlem.  Birgit S. Øygard og Elisabeth Spyydevold er valt til varafolk i AU.  Elles er  desse faste medlemmer i styret: Tone Synnøve Øygard Steinkopf og Kai Steffen Østensen.  Til varamedlemmer i styret er valt: 1. vara: Anders H. Jarmund, 2. vara Rolf A. Lie, tredje vara: Aud-Sissel Fiksdal Følstad.  (Steinkopf, Østensen og Følstad var ikkje tilstades på landsmøtet, og er derfor ikkje med på bildet.  Du kan sjå bilde av alle styremedlemmene på nettsida).  Det nyvalde styret skal halde sitt første møte 26.-27. juni, i Tønsberg.

protokoll frå landsmøtet finn du her...