Oppgradering av medlemssystem, Hypersys.

Årsrapport. Forlenga frist 24. april. Men bi litt, det fungerer ikkje skikkeleg!

Hypersys 2.0 fungerer ikkje heilt som det skal og ingen har fått levert årsrapport ennå – slik det ser ut.  Det er to hovudfeil som utviklarane arbeider med å løyse: Registrering av medlemmer og signering av rapport. (Signeringsproblemet kan vere ein bug, så med litt flaks er det slik at dei som har signert på rapporten er i mål.)  Elles er det slik at alt som kan gå gale går galt: Da årsrapportskjema vart sendt ut, skulle det vere med frist 24. april, men teksten frå i fjor gjekk ut med 1. mars.  I alle fall: mitt råd nå er å lene seg tilbake og vente på beskjed om at det verkar - med tanke på årsrapport.  Elles fungerer det meste.  Du kan oppdatere styret for 2016 og 2017, du kan legge til nye medlemmer i 2017, du kan sende meldingar til medlemmene dine, og så vidare.