Rekneskap og organisasjonsnummer – nye krav frifond

Skjermbilde_2020-05-05_kl._09.14.00.png

Det er vedteke nye krav for frifondmidlar frå LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar), som fordeler midlar frå staten via Ung kirkesang til medlemslaga. Dette er statlege krav, og gjeld for alle organisasjonar. Det blir strengare krav for rekneskap. Ung kirkesang har i årevis kravd at alle lag sender inn rekneskap, så her er det ikkje noko nytt. Men hittil har Ung kirkesang hatt dette som ei frivillig ordning. Vi har derfor vore romslege med kva vi har godkjent. Vi vil frå 2020 ikkje lenger kunne vere så romslege, sidan det nå er eit krav frå LNU at det skal leverast rekneskap frå alle lag som tek mot frifond.

Det andre som er nytt er at tilskotsytar, staten, har definert at trussamfunn ikkje kan motta frifondmidlar. Derfor meiner LNU at det er ugreitt at det blir nytta konto eigd av sokn eller fellesråd til utbetaling – sidan både sokn og fellesråd er deler av trussamfunn. Mange vil kanskje meine at det er ei hårfin grense og lite forskjell på eit sokn og eit kyrkjekor – men juridisk og organisatorisk er det forskjell. Mange medlemslag i Ung kirkesang har alt i orden, - har organisasjonsnummer, og eig kontoen (altså at kontoen laget nyttar er registrert på laget sitt namn og organisasjonsnummer) - og treng ikkje gjere tiltak for å tilpasse seg nye reglar. I klartekst blir det slik at alle lag må registrere seg I Brønnøysundregisteret og få organisasjonsnummer, og helst også i frivillighetsregisteret.

Som ein del av denne prosessen er det naudsynt å halde god dialog med sitt sokneråd. Kirkens arbeidsgiver- og interesseorganisajon (KA) har i samarbeid med dei 11 Kirkens unge organisasjonane (mellom dei Ung kirkesang), utarbeidd ein rettleiar for samarbeidsavtalar mellom lag og sokn.

Rettleiaren kan du lese her...