Vikar og prosjektstilling 50%

DSCF4242.jpeg

Organisasjonskonsulent Vest

(vikar og prosjektstilling 50%)

For perioden 1. januar 2021 - 31. desember 2022 er det ledig vikariat og prosjektstilling i Ung kirkesang, 50% stilling. Stillinga omfattar prosjektansvar for nordisk korfestival i mai 2022, i Inderøy (Trøndelag), og organisasjonskonsulent i Ung kirkesang Vest ­– regionledd for Stavanger og Bjørgvin (Rogaland og Vestland fylke). Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til organisering av aktivitetar for medlemslaga i regionen, søknader,  dokumentasjon, representasjon og utvikling av nye aktivitetar.

Vi søkjer ein person med evne til sjølvstendig arbeid, gode nettverkseigenskaper og kvalifikasjonar i organisasjonsarbeid, gjerne også kjennskap til korarbeid og kyrkjemusikalsk verksemd. Den som blir tilsett må ha god evne til kommunikasjon skriftleg, munnleg og i møte. Søknadsfrist 15. oktober 2020.

Det er ei føresetnad at den tilsette kan arbeide i samsvar med organisasjonen sitt formål og verdigrunnlag.  Utlysinga gjeld 50% prosjektstilling (vikariat) i 2 år frå 1. januar 2021. Det skal arbeidast med sikte på forlenging og ev. omgjering til fast stilling.

Ung kirkesang har tilsette i Kristiansand, Røros, Bodø og Fredrikstad og det er ynskjeleg at den som vert tilsett bur i arbeidsområdet Vest eller Midt-Noreg, der festivalen skal arrangerast. Organisasjonskonsulenten vil vere ein del av staben i Ung kirkesang på landsplan. Spørsmål om stillinga kan rettast til 

Generalsekretær Nils Hidle, tel. 980 88 768 eller leiar i landsstyret Ole Aleksander Østhassel, tel. 905 02 797. 

Søknad til: Ung Kirkesang, Konsul Wildsveg 1, 4621 Kristiansand.

E-post:ungk@online.no Nettsider:www.sang.no