Kor og organisasjonsperm

Skrevet av Superadministrator . i kategorien Ung kirkesang

Dette er 3. utgåve av denne permen. Den har no vore oppe til naudsynt revidering enno ein gong, og voneleg er den på ny ein ressurs som kan nyttast og vere til hjelp i korarbeidet.

Under er sitert føreordet som vart skrive då 2. utgåve kom:

Forord til 2. utgåve

Innhaldet i denne permen er laga som ei hjelp i organisasjonsarbeid og demokratiske prosessar i medlemskora i Ung kirkesang.  Ei revidering av permen har lenge vore naudsynt, og etterspurt frå mange hald. Denne revideringa er gjort i samband med at Ung Kirkessang Landsstyre på nytt har sett medverknad og demokrati  i organisasjonen øvst på dagsorden.

Den første utgåva av permen vart laga i 1996, før Ung kirkesang var ein sjølvstendig organisasjon. Organisasjonen heitte ikkje Ung kirkesang ennå, og namnet på det som den gong skulle bli Ung kirkesang var Norges Kirkesangforbund barne- og ungdomskorstyre. Seinare det året, 12.oktober, fekk organisasjonen medlemmer og sjølvstende som Norges Kirkesangforbund barne- og ungdomskorforbund (NKSF B/U).  Det var først frå 1. september 1997 at namnet Ung kirkesang kom i bruk. Forordet  til 1. utgåva, og innleiinga er ikkje endra, men elles er det ei fullstendig revidert utgåve av permen som her blir presentert.

Lillesand 10. oktober 2002
Nils Hidle
Landssekretær

Ung kirkesang

Ung kirkesang er ein organisasjon av, for og med korsongarar i barne- og ungdomskor knytt til menigheter i heile landet, frå Lista og Lindesnes i sør til Kirkenes i nord. Ung kirkesang har ca. 8000 betalende medlemmer i 330 kor over heile landet.

Ressurser

No tweets found.

Kontakt oss

  • Ung kirkesang
    Konsul Wilds vei 1
    4621 Kristiansand
  • Kontonummer: 3202.20.28080
  • Tlf: 37 27 18 17

Kopirett © 2013 Ung Kirkesang | Utvikling og hosting Infonett Røros AS