Brosjyre med presentasjon av Ung kirkesang

Ung kirkesang er ein organisasjon av, for og med korsongarar i barne- og ungdomskor knytt til menigheter i heile landet, frå Lista og Lindesnes i sør til Hammerfest i nord

Ung kirkesang arrangerer kurs for korsongarar og dirigentar. Kursa blir arrangert i samarbeid med stiftsforbunda, og blir spreidde til alle kanter av landet. Ung kirkesang gir ut rettleiingshefte og anna materiell til bruk i kora. Noter blir gjeve ut på eige forlag.

Ung kirkesang er ein sjølvstendig og demokratisk organisasjon som blei skilt ut frå Norges Kirkesangforbund 12. oktober 1996. Ung kirkesang arbeidar for å betra kåra for korsongen gjennom fagleg og politisk arbeid. Ung kirkesang er med i desse strukturane: Landsrådet for Noregs barne- og undomsorganisasjonar (LNU), Norsk musikkråd (NMR), Musikkens Studieforbund (MSF), Undommens Kyrkjemøte, Samarbeidsråd for barne- og ungdomsorganisasjonar (SBU), Nordisk barne- og undomskörsamarbete (Norbusang).

Kva er kyrkjesong?
 Guds folk er eit syngjande folk. Gjennom songen vender menigheta seg til Gud i bøn, tilbeding og lovprisning.
 Ung kirkesang er organisasjonen for alle barne- og ungdomskor og andre kyrkjemusikalske lag som ønskjer eit fellesskap for å styrke korarbeidet 
gjennom inspirasjon og kurs og leiarsamlingar, felles innsats for betra vilkår for korsongen gjennom målretta verksemd.

Formål: 
Ung kirkesangs formål er å bevare og fornye kirkesangen i vårt folk, både menighetssang og korsang. Ung kirkesang er ein sjølvstendig og demokratisk organisasjon, som arbeider aktivt for å fremme korsongarane si deltaking og innflyting i organisasjonen. Ung kirkesang har over 300 medlemskor med over 8000 medlemmer. Forbundet har tolv stiftsforbund som følgjer bispedømmegrensene, pluss Musica Sacra. Hvert stiftsforbund blir leia av eit stiftsforbundsstyre. Landsmøtet trer saman annakvart år. Det består av utsendingar fra stiftsorbundea, som vel eit Landsstyre. Landsstyret leiar forbundet i landsmøteperioden.

  • Mønstervedtekter for kor

Arbeidsformer

  • Korsamlingar for barnekor, ungdomskor og guttekor. Bestilling av nye korverk av norske komponistar .
  • Studieplanar til hjelp i vaksenopplæringsarbeid.
  • Kurs og korsommerskular for korsongarane og dirigentar,  på forskjellige stader rundt i landet.
  • Samlingar for dirgentar og tillitsvalte.
  • Medlemsbladet Ung kirkesang tener som informasjonsorgan. Bladet blir sendt direkte til alle medlemmene.
  • Forlagsverksemd: Ung kirkesang etablerte i 1992 forlag, og gir ut kyrkjemusikk som høver til bruk i medlemslaga

Økonomi
: Ryggraden i forbundet sin økonomi er kontingenten fra medlemslaga. Ved sida av dette kjem offentlig støtte både til drift og til spesielle arrangement og prosjekt