Nyttårsleir 2021-22

Det blir nyttårsleir i Stavanger. Frå onsdag 29. desember til 1. januar 2022.

Henriette Skagen skal vere dirigent og musikksjef, Ola Vik akkompagnatør, Johanna Hidle leirsjef, med Jenny Syse som assistent og vi skal vere i Stokka kirke.  Silje Selvær, kormor frå Ullensvang, har meldt seg til kjøkkenteneste, så det skal bli orden på matstellet også!

Deltakarane øver fram mot nyttårsgudsteneste i St. Petri kirke. Prisen blir kr 1000 for dei som melder seg på før 1. desember. Ungdom som fyller 13 år i 2021 og eldre kan vere med. (Vi sender ut faktura etter at leiren er gjennomført)

Nyttårsleiren begynnar onsdag 29. desember kl 15.30. Starttidspunktet korresponderer med morgontoget frå Oslo S kl 07.25, som kjem til Stavanger kl 15.05. Deltakarar kan møte opp i Stokka kirke frå kl 12. 

På avreisedagen 1. januar, kan deltakarane reise når det høver.  Vi skal ha frukost og evaluering, og heimreis den dagen, og deltakarane blir skyssa til buss, tog og fly, i tur og orden.  (Det er fint om alle har avreise før kl 15).
Landsstyret i Ung kirkesang bestemte 20. november, at det med 19 påmeldte er grunnlag for gjennomføring.  Det er plass til 50 på leiren.  Repertoaret vil bli tilpassa deltakarane, så det er viktig at alle som skal vere med, melder seg på, så Henriette kan lage ein god plan.

Ung kirkesang arrangerte fleire nyttårsleirar i Fredrikstad, den siste ved nyttår i 2015. I åra seinare har det vore eit sakn, og nyttårsleir var eit tiltak som Landsmøtet i 2021 ynskte å få tilbake.

Førebels program:

29/1230/1231/121/1
Vekking + frokostVekking + frokostVekking
MorgensamlingMorgensamlingBrunsj
ØvingØvingRydding
Pause (m/frukt)Pause (m/frukt)Avreise
ØvingØving
LunsjLunsj
AnkomstAktiviteterSvingkurs
Bli kjentKomiteFritid
MiddagFotoGalla
ØvingTurMiddag
FritidGregoriansk sangDans
CompletoriumMiddagetc
Kvelds + roØvingGeneralprøve m/Miller
PauseGudstjeneste
ØvingFyrverkeri
CompletoriumRo
Kvelds + ro