Komponistkonkurranse i Kirkesangforlaget
Juryen er svært takksame for interessa for konkurransen og for alle dei 36 innkomne bidraga. Det var mykje spennande og interessant å velje mellom, og jobben vart difor både vanskeleg og inspirerande. Nokre bidrag vart lagt til side ut i frå kvalitetsvurderingar. Juryen har vektlagt at vinnarbidraga skulle vere sangbare, ha gode akkompagnement, og at tekst og musikk skulle fungere godt saman. I tillegg har det vore viktig at bidraga skal fungere for målgruppa med tanke på til dømes toneleie og stemmeføring.
Dei innsendte bidraga hadde fin variasjon av uttrykk, sjanger og tradisjon, både tekstleg og musikalsk.
Vi vil takke alle som har sendt inn bidrag. Det er flott å sjå breidda i den nye musikken som vert laga rundt om i barne- og ungdomskormiljøa i Noreg.
Juryen har samrøystes konkludert slik:
Prisvinnarar Ungdomskor SAB:
1. premie: Lasarus, musikk: Trond Gilberg, tekst: Arve Brunvoll
2. premie: Det hev ei rose sprunge, musikk: Joanne Coldicott Dalene, tekst Tysk 1587, O: Peter Hognestad 1921
3. premie: En vårsang i forsommertid, Musikk: Kristine Bratlie, tekst: Anna Emvinelle
Prisvinnarar Barnekor:
1. premie: Herren velsigne deg, musikk: June Baarøy Myhrstad, tekst: 4.Mos 6,24-26
2. premie: Hvem kan se Gud, musikk: Marie Håkensen, tekst: Sindre Skeie
3. premie: Hosianna, Davids sønn! musikk: Trond Akerø-Kleven, tekst: Dag Kaspersen
Røros 15. november 2024
Henriette Victoria Eide Skagen, leiar i juryen
Ole Aleksander Østhassel
Liv Marie Hofseth
Ola Riveland Vik