Årsrapport 2023 – rapportfrist er 28. februar 2024

Det vart 3. januar sendt ut årsrapportvarsling til alle som står registrert som styremedlemer i alle lag. (Alle lag som vi trur skal rapportere.) Viss du ikkje finn årsrapport til ditt lag for 2023 i Hypersys, send ein e-post, og vi skal straks ordne opp i det: og omvendt, har du fått men skal ikkje rapportere, meld frå om det! 

Rapportering for 2023 er heilt identisk med 2022, så har du vore med på dette før, så er det meste likt som i fjor. Er du ny som rapportør, gjer vel, og les gjennom instruksjonane, og om du ikkje har supert minne frå korleis du gjorde alt i fjor: Det er inga skam å lese instruksjonane først. Det sparer deg for bry etterpå!

Førebuingar: Du må ha rekneskap for 2023 (eller ei kontoutskrift for koret sin konto for 2023 – transaksjonsliste) klar til opplasting. Dette må du ha klart som ei fil på din pc/mac/nettbrett. Bruk ikkje Internet Explorer eller Edge viss du kan unngå det. Bruk Chrome, Firefox eller Safari. Internet Explorer (IE) og Edge har problem med Hypersys.

Korleis du rapporterer: Kortversjon:

Logg på i medlemssystemet  https://uks.hypersys.no

Klikk på årsrapport og opne årsrapport for 2023 (klikk der det står ”2023 innkrevd”)

Fyll ut skjemaet, last inn rekneskap, verifiser deg og signer. Du er i mål!

Som i fjor, er det mange spørsmål om konsertar–dei fleste laga skal berre svare 0 på alt som gjeld konsert. Når du har levert rapporten vil vi i sekretariatet fortløpande gå gjennom rapportane og godkjenne – viss alt er i orden. (Hugs at styreleiar i laget må signere rapporten).

Her er litt informasjon viss du er ny rapportør: Ring 37271817 og få hjelp, viss noko ikkje går lett!

Før du opnar rapportskjemaet bør du sjekke at medlemmene dine i 2023 er registrert med betalt kontingent, rette adresser og så vidare. Og at styret som var styre 31.12.2023 er registrert (under organisasjonsprofil). (For dei fleste er dette i orden.) Medlemsliste-sjekk gjer du på denne måten: Opne medlemslista for 2023, klikk på valg (turkis knapp på høgre side) og legg til kolonne for fakturasum, støttegivende og fødselsdato. (klikk oppdater). Sjekk at alle kulene til venstre for dei som har betalt er grøne, og at alle som har betalt kontingent er oppført med fakturasum kr 50 eller meir. Alle under 26 år pr 31. 12.2023 som betalte kontingent for 2023 er støttegivande medlemmer. Klikk så på navn (i overskrifta) slik at du alfabetiserer lista og sjekk at det ikkje er medlemmer som står dobbelt. (Viss det er dublettar, må du slette den eine). Til sist sjekkar du at alle som skal vere teljande, er oppført med ja i støttegivende-kolonna. Og siste sjekk: At alle styremedlemmer står på medlemslista, og at det er registrert det styret (den leiinga) som fungerte 31.12.2023.

Om aktivitetsdagar: Skriv inn det totale talet dagar det var øvingar, opptredenar, turar etc, som medlemmene kunne vere med på organisert aktivitet i regi av laget ditt i 2023.  (alle tal frå og med 2 og oppover er godkjent).Om konsertar: Laget ditt skal rapportere alle konsertar som laget er ansvarleg arrangør for til Tono. Du finn rapportskjema på tono.no. Vi ber deg opplyse om kor mange konsertar ditt kor har vore ansvarleg arrangør for. Ein konsert skal berre rapporterast ein gong, så viss laget ditt arrangerte konsert saman med eit anna lag, så er det berre ein – 1 – konsert. (Det er ennå ikkje avtale frå og med 2023. Sjå info her: https://sang.no/styrestotte/tono/) Det du skal gjere er å rapportere 0  – null – dersom laget ditt ikkje var ansvarleg arrangør, og ikkje dobbeltrapportere. Viss du lurer på noko om dette, så ring og spør. (For ordens skuld: Gudstenesterepertoar og musikkandaktar skal også rapporterast, men ikkje her). Rapportfristen til Tono er 1. februar.