Dekking av tono-vederlag for medlemslaga sine konsertar

Ung kirkesang har hatt ein sentral TONO-avtale for alle sine medlemslag sidan 1999. I alle år etter har det har vore gratis for medlemslaga å framføre musikk på konsertar, fordi organisasjonen sentralt har betalt for ein rammeavtale, for alle konsertar med inntil 500 i publikum eller inntil kr 50.000 i billettinntekt. Mange andre musikkorganisasjonar har hatt det på tilsvarande måte. Desse rammeavtalane med det frivillige musikklivet har nå TONO sagt opp, og dermed må alle kor og andre medlemslag nå sjølv avklare lisens med TONO direkte.

Det skal betalast vederlag for både gratiskonsertar og konsertar med billettinntekter. For gratiskonsertar betaler koret (laget) eit minimumsvederlag, og for konserter med billettinntekter ein prosentdel av billettinntektene. Nytt (frå og med 2023) er at ein kan få rabatt for musikk som «har falle i det fri», og betaler for den delen av musikk, der opphaverane har rettar, slik at dersom halvparten av konserten er «gamal» musikk og halvparten er nyare musikk, betalar ein 50% av vederlaget, dersom det er billettinntekter. Søknad om rabattert framføring må sendast minst ei veke før konserten. Hugs å klargjere dette i søknad og rapport.

Ung kirkesang dekkar vederlaget

Ung kirkesang vil halde fram med å dekke TONO-vederlaget for sine medlemslag. Det vil bli gjort på denne måten:

  1. Dersom koret (laget) er ansvarleg arrangør* for ein konsert, og det skal framførast rettighetsbelagt musikk**, må dette søkjast om, og rapporterast til TONO. Det gjer du via TONOs nettsider.
  2. Når koret får faktura frå TONO, betaler koret denne fakturaen.
  3. Koret sender søknad til Ung kirkesang om refundering av tono-avgift, vedlagt:
  4. Konsertprogrammet 
  5. Fakturaen fra TONO
  6. Kvittering på betalt faktura

Ansvarleg arrangør er den som står ansvarleg for konserten. Det er ikkje alltid dette er koret, sjølv om det er koret som lagar konserten: det kan vel så ofte være kyrkjelyden (menigheta), kjøpesenteret, konserthuset, eller bedrifta koret er invitert til å synge for eller tilsvarande. Hugs at ved samarbeidskonsertar er det nok at ein av dei samarbeidande kor etc. sender inn søknad og konsertrapport. ** Rettighetsbelagt musikk betyr at tekstforfattar, omsetjar, komponist eller arrangør er i levande live, eller ikkje har vore død i minst 70 år. Om koret berre syng gammal musikk (f.eks. Mozart og Bach) trenger koret ikkje lage konsertrapport til TONO. Merk at arrangement av musikken eller omsetjing av teksten kan være rettighetsbelagt.