Integreringsmidlar

Integreringsmidlar: støtteordning til korsommarskule, regionale arrangement, reisestøtte og deltakarbetaling i laga, søknadsfristar: 15. juli, 1. sept. 1. nov.

Integreringsmidlar: støtteordning til korsommarskule, regionale arrangement, reisestøtte og deltakarbetaling i laga, søknadsfristar: 15. juli, 1. sept. 1. nov.

Det er nå opna ei støtteordning, med søknadsskjema i Hypersys. Ung kirkesang har fått midlane frå Kulturtanken. 

Det er berre lag som kan søke – ikkje einskildpersonar, men laget kan sjølvsagt søke for ein eller fleire einskildpersonar.

Vi oppfordrar til å ikkje skrive inn personopplysningar eller sensitive opplysningar i skjemaet. Søknadsfrist for korsommarskulane, både deltakaravgift og reisestøtte er 15. juli.  

NB: det er ein del deltakarar, som einskildvis, eller via laga sine, fortløpande har fått innvilga friplasser på korsommarskulane. Dersom du lurer på om det er søkt om/innvilga slik friplass, kontakt Nils på 98088768

Mål for ordninga:

Bidra til at alle barn og unge får mulighet til å delta i organiserte kulturaktiviteter sammen

med jevnaldrende. Midlene skal fordeles til tiltak rettet mot barn og ungdom, som bidrar til å gi økt deltakelse på tvers av bl.a. økonomiske, sosiale eller kulturelle skiller.

Fordeling av midlar:

Dekning av deltakarkontingent Korsommarskular: kr 100.000

Dekning av medlemskontigent og deltakarbetaling i laga: kr 100.000

Dekning av deltakeravgift regionale arrangement: kr 26.000*

Reisedekning for deltakere med lang reisevei eller spesielle behov: kr 26.000

Arbeidsutvalet i landsstyret i ung kirkesang har i dag, 5. juli gjort dette vedtak:
1. Au godkjenner fordelingsplan og søknadsskjema for Kulturtanken – integreringsmidlar.
2. Søknader vedkommande korsommarskulen får søknadsfrist 15. juli.
3. Søknader om reisestøtte korsommarskulen får søknadsfrist 15. juli.
4. Søknadsfrist medlemsbetaling får to søknadsfristar, 1. september og 1. november
5. Støtte deltaking regionale arrangement får søknadsfrist 1. september og 1. november
6. Søknader blir handsama av generalsekretær og økonomikonsulent, som innstiller til AU som gjer vedtak om løyvingar.
7. Eventuelle klager kan sendast Sekretariatet, med AU som klageinstans, med Landsstyret som anke-instans.

Skjemaet liknar på prosjektstøtteordninga i Frifond, og du leverer søknad frå Laget ditt med å logge inn, og velgje støtteordningar under økonomimenyen, og klikke på link til søknadsskjema. Logg på i medlemssystemet  https://uks.hypersys.no

I løpet av året vil det vere mogeleg å levere inntil 10 søknader for kvart lag. (Det er langt meir enn det vi reknar med er nødvendig – men det er altså moteleg å levere meir enn ein søknad.  Du kan med andre ord søke korsommarskulestøtte nå, og arrangementsstøtte og eller medlemsbetalingsmidlar seinare osv.)

*Region Vest og region Nidaros-Møre har fått særskilte midlar til om lag same formål som denne ordninga til nokre av sine arrangement frå Kyrkjerådet. Informasjon om korleis dette blir handtert må regionstyret og regionkonsulenten informere om etter sommarferien.