Ledig stilling som organisasjonskonsulent i Ung kirkesang
Frå 1. januar 2023 er det ledig 50% stilling som organisasjonskonsulent i Ung kirkesang med ansvar for region Vest (Stavanger og Bjørgvin) og region Nidaros-Møre.
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt til organisering av aktivitetar for medlemslaga i regionane, søknader, dokumentasjon, representasjon og utvikling av nye aktivitetar. Regionkonsulenten er sekretær for regionstyret, og må pårekne ein del reising og helge- og kveldsarbeid. Vi søkjer ein person med evne til sjølvstendig arbeid, gode nettverkseigenskaper og kvalifikasjonar i organisasjonsarbeid, gjerne også kjennskap til korarbeid og kyrkjemusikalsk verksemd. Den som blir tilsett må ha god evne til kommunikasjon skriftleg, munnleg og i møte. Søknadsfrist 20. oktober 2022.
Det er ei føresetnad at den tilsette kan arbeide i samsvar med organisasjonen sitt formål og verdigrunnlag.
Ung kirkesang har tilsette i Kristiansand, Røros, Bodø og Fredrikstad og det er ynskjeleg at den som vert tilsett bur i arbeidsområdet Vest eller Midt-Noreg. Organisasjonskonsulenten vil vere ein del av staben i Ung kirkesang på landsplan. Spørsmål om stillinga kan rettast til generalsekretær Nils Hidle, tel. 980 88 768 eller leiar i landsstyret, Ingrid Berg, tel. 459 68 729.
Søknad til: Ung kirkesang, Konsul Wildsveg 1, 4621 Kristiansand.
E-post: ungk@online.no Nettsider: www.sang.no