Retningslinjer for frifond for Ung kirkesang
Retningslinjer for bruk av Frifondmidlar 2024
Vedteke i Ung kirkesang landsstyre 8. april 2011, med endringar av 19.11.11 og 17.03.12, 24.11.12, 20.12.13, 15.11.14, 22.11.15, 30.03.16, 20.11.16, 10.02.2018, 16.02.2019, 16.11.19, 30.01.20, 20.11., 21 12.11.22 og 17. februar 2024
Overordna føring:
Ung kirkesang skal legge til rette for at medlemslaga (kora) kan få mest mogeleg aktivitet for frifondmidlane dei får tildelt, og skal ha ein aktiv dialog med medlemslaga om støtta og bruken av midlane.
Ung kirkesang skal tilstrebe utbetaling av frifondmidlane så raskt som råd etter signert akseptskjema. Alle midlane skal utbetalast innan 31. desember.
Ung kirkesang nyttar inntil 5% av frifondmidlane til dekking av administrasjonskostnad.
Forvalting og ansvarsområde:
Landsstyret vedtek retningslinjer og fordelingsnøkkel, og vel eit fordelingsutval med 3 medlemmer som forvaltar reglane, sakshandsamar fordeling, og er første klageinnstans. Dersom laget som klagar ikkje er nøgd etter klagehandsaming kan klage ankast inn for arbeidsutvalet. Dersom medlemslaget ønskjer å klage på avgjerda frå arbeidsutvalet, kan saka klagast vidare til landsstyret, som tek endeleg avgjerd i saka. Fordelingsnøkkel og fordeling blir kunngjort i nyhendebrev til alle medlemslag. Eventuell klage kan sendast til post@sang.no. Klagefristen er 3 veker etter kunngjering av fordeling.
Fordeling:
Ung kirkesang fordeler midlane gjennom driftsstøtte, prosjektstøtte og oppstartstøtte til medlemslaga. Fordelingsnøkkel blir fastsett av landsstyret, som tek dette opp som sak kvart år. Desse retningslinjene skal reviderast dersom landsstyret gjer endringar i fordelinga. Vedtak om fordeling er vedlegg til desse retningslinjene.
Medlemslaga (kora) får kvart år melding pr e-post med kunngjering av frifondsmidlane og fordelingsnøkkel innan ein (1) månad etter Ung kirkesang får kunngjort potten Ung kirkesang får til fordeling.
Aksept og utbetaling:
Før medlemslaga (kora) får utbetalt midlar skal dei signere eit akseptskjema der dei pliktar seg til å bruke midlane i tråd med Ung kirkesang og NMR sine gjeldande retningslinjer. Akseptskjemaet skal plikte medlemslaga til å signere på følgjande:
«Midlane skal nyttast i tilskotssåret til aktivitet i medlemslaget og skal komme barn og unge under 26 år til nytte, eventuelle investeringar tilfell medlemslaget, og støtta som blir motteken kan ikkje nyttast i strid med dette formålet.
Medlemslaget skal gjere greie for bruken av midlane dei tek imot frå Ung kirkesang gjennom rekneskap og gir innsyn dersom Ung kirkesang ønskjer å kontrollere vårt regnskap og vår bruk av støttemidlar.»
Midlane skal:
• ikkje nyttast til innsamlingsaktivitet (gåver til andre)
• ikkje nyttast til å bygge eigenkapital
• ikkje nyttast til aktivitet utanfor Noreg
• ikkje nyttast til å kjøpe rusmidlar
• frifond kan ikkje nyttast i offentleg skule, offentleg kulturskule eller offentleg skulefritidsordning (sfo). Dersom aktiviteten i laget er knytt til slike institusjonar, skal frifondbruken vere avgrensa til frivillig organisert verksemd i regi av medlemslaget, utanfor det som er offentleg ansvar.
Dersom medlemslaget ikkje bruker opp midlane innan rapporteringsfristen 1. mars året etter tilskotsåret, skal pengane tilbakebetalast til Ung kirkesang. Det kan søkjast inntil 12 månader forlenga rapportfrist. Midlar som lokallaget ikkje har brukt opp eller tilbakebetalt til Ung kirkesang innan 31.12. året etter tilskotsåret, skal betalast tilbake til NMR, eller søkjast overført til neste tilskotsår. Laget kan ikkje få ny frifondfordeling, før alle midlane er rapportert brukt opp. Før midlane kan utbetalast, må akseptskjemaet fyllast ut og signerast. Dersom skjemaet ikkje er returnert innan 1 månad etter at tilsagnet er gjort kjent, fell tilsagnet bort.
Rapportering og oppfølging
Ung kirkesang skal tidleg kvart år kreve inn årsrapport frå medlemslaga, der medlemslaga gjer greie for bruk av frifondmidlane, og at alle midlane er nytta i samsvar med retningslinjene, dokumentert med rekneskap. Fordelingsutvalet skal gå gjennom svara, og dersom medlemslaga har ubrukte midlar, skal Ung kirkesang kreve desse tilbake. Dersom punkt i akseptskjemaet er brotne, kan Ung kirkesang kreve tilbake heile støttesummen. Fordelingsutvalet vedtek slik tilbakebetaling.
Fordelingsnøkkel, vedteken i Landsstyret 21.–22. januar 2011, med endringar 19.11.11, 24.11.12, 20.12.13, 15.11.14, 22.11.15, 30.03.16., 19.11.16, 10.02. 2018 16.02.19, 16.11.19. og 30.01.2021:
1. Frifondmidlane Ung kirkesang får til fordeling til medlemslaga skal delast med omlag 2/3 fordelt etter medlemstal (driftsstøtte) og omlag 1/3 til prosjektstøtte.
Før fordelinga skal det setjast av eit høveleg beløp til oppstartstøtte, i samsvar med talet på ny-innmeldte lag.
2. Driftsstøtte: Midlane til driftsstøtte blir rekna ut etter talet på teljande medlemmer ved årsskiftet (pr 31.12. i grunnlagsåret, året før fordelingsåret).
3. Oppstartstøtte: Ny-innmeldte kor og lag får oppstartstøtte kr 10000, i innmeldingsåret, forutsett at dei har på plass vedtekt, minimum 5 betalande og teljande medlemer dokumentert ved medlemsliste og leverer rapport og dokumentasjon. Ny-innmeldte lag med meir enn 50 medlemmer, kan få dobbel oppstartstøtte. Lag som mellombels ikkje har oppfylt støttekrava, kan få halv oppstartstøtte, når krava til medlemmer og aktivitet er innfridd.
4. Prosjektstøtte:
Eit lag kan berre sende ein prosjektsøknad pr år.
Gode prosjekt er slike som er bra for medlemmene, for laget og for kyrkjesongen og kyrkjemusikk!
Prosjektstøtteordninga opnar for søknader 1. april, med søknadsfrist 1. juni.
5. Skjønnsvurdering i særskilte høve
Dersom fordelingsutvalet vurderer at det er grunnlag for å avvike frå fordelingsnøkkelen, skal forslag om dette godkjennast av Ung kirkesang landsstyre sitt arbeidsutval.