Internasjonale midler

Støtte til internasjonal aktivitet i Ung kirkesang 

Landsstyret i Ung kirkesang lyser med dette ut ei ordning for støtte til internasjonal aktivitet i regi av lokallag og regionledd i Ung kirkesang. Søknadsfrist i 2024 er utsatt til 20. januar, for aktivitet i 2024.   

For aktivitetar som allereie er gjennomført må all dokumentasjon følgje med søknaden, for søknader som ikkje er gjennomført, vil det bli gitt tilsagn til dei søknader som kvalifiserer etter kriteria og midlane blir utbetalt etter at all nødvendig dokumentasjon er levert.   

Aktivitetar ein kan søke om: deltaking på internasjonale møte, seminar, konferansar, studiereiser og delegasjonsreiser utanfor Norge, og for utanlandsk deltaking på internasjonale aktivitetar i Norge. (Til dømes vil deltaking på ein internasjonal festival, eller eit samarbeid med eit kor i utlandet, om felles konsert, til dømes, vere aktuelt å søke om. Ein rein kortur vil ikkje vere innafor.) I følgje reglane: 

«Innhaldet må ha internasjonal karakter og ha deltaking frå minst eit anna land.« 

Søknaden kan sendast til Ung kirkesang, post@sang.no, innan 20. januar 2024. 

Bakgrunnen for støtteordninga er støtte til internasjonal verksemd, under tilskot for landsomfattande organisasjonar: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2022-01-18-90#KAPITTEL_7  (for den som skal søke er det lurt å ha lese forskrifta § 72, og Dokumentasjon 3-6) 

Følgande aktivitetar er ikkje omfatta av ordninga: 

a) sports- og idrettsaktivitetar av profesjonell karakter
b) aktivitetar som er del av eit utvekslingsprogram eller ungdomsutveksling
c) gjennomføring eller studier av utviklingsprosjekt i utviklingsland, misjonsprosjekt og  liknande aktivitetar
d) internasjonale prosjekt som får støtte gjennom Erasmus +, EU, Norad eller Norec,  Nordisk Ministerråd eller Utenriksdepartementet

Når det gjeld det som skal dokumenterast, så gjeld desse reglane: 

«§ 3-6.Dokumentasjon av internasjonale aktiviteter 

Som dokumentasjon kreves: 

  • program, rapport eller liknende som viser hva slags aktivitet som er blitt gjennomført
  • navn og adresse på deltakerne
    • på aktiviteter utenfor Norge: navn og adresse på deltakerne som representerte organisasjonen
    • på aktiviteter i Norge: navn og adresse på de internasjonale deltakerne
  • dokumentasjon som sannsynliggjør at deltakerne har deltatt på aktiviteten
    • bekreftelse med kontaktinformasjon fra en internasjonal aktør som var arrangør  av eller deltaker på tiltaket, spesielt ved aktiviteter i Norge
    • dokumentasjon som er laget i etterkant av aktiviteten, som signerte referater eller  protokoller, eller «rapporter» på hjemmesider eller sosiale medier
    • kvitteringer for transport og opphold sammen med invitasjon og annen  korrespondanse som sannsynliggjør at deltakerne har deltatt på aktiviteten

Omfanget av ordninga i Ung kirkesang blir styrt av tildelinga Ung kirkesang får i internasjonal støtte. Denne er basert på aktivitet to år tidlegare.  

Søknaden  må innehalde opplysningar om aktiviteten det blir søkt midlar til, eventuelle samarbeidspartnerar, reisemål og planlagt tal deltakarar. Det må leggjast ved eit budsjett. Etter gjennomført aktivitet må laget sende ein kortfatta rapport til Ung kirkesang, samt all nødvendig dokumentasjon, i følge forskrifta. Det vil berre bli utbetalt støtte, dersom eit tiltak tilfredsstiller alle krav til innhald og dokumentasjon i forskrifta. 

 Dersom det er spørsmål til ordninga, kan ein kontakte Nils Hidle, telefon 98088768. 

P.S:  Les unntaksreglane nøye: Til dømes er deltaking på Norbusang utelukka, ettersom det arrangementet er støtta av Nordisk ministerråd.